Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Valmatriell - bevaring og kassasjon

 

 

Utskriftsvennlig versjon     

Innleiing

Vallova § 15-2 gjelder oppbevaring, avhending og tilintetgjering av valmateriell. Etter denne bestemmelsen skal alt valmateriell når valet er over behandles i henhold til arkivlova sine bestemmelser og forskrift gitt i medhold av denne lova. Det vil difor vere arkivfaglege hensyn som bestemmer korleis valmateriellet skal behandlast når valet er avslutta. Det er viktig å skille mellom valmateriell som har vore i bruk og valgmateriell som er ubrukt.

24.2 Ubrukt valmateriell

Valmateriell som ikkje har vore i bruk, kan ikkje betraktast som arkivmateriell. Slikt materiell fell inn under bestemmelser om arkivbegrensning gitt i forskrift til arkivlova av 11. desember 1998 nr. 1193 (arkivforskrifta) § 3-19. Dette gjeld både ubrukte konvolutter, ubrukte røystesetlar og ubrukte manntallseksemplarer.

Brukt valmateriell

For valmateriell som har vore i bruk har Riksarkivaren (i brev av 9. september 2003 på departementets forespørsel) med heimel i arkivlova § 9 fastsatt at fylgjande materiell kan kasserast:

Konvoluttar

Både røystesetelkonvoluttar og omslagskonvoluttar – anten desse er forkasta eller godkjende – kan kasserast på betryggande måte når valresultatet er endeleg. Departementet antar at det samme må gjelde for omslag til røystegivingar som blir lagt i særskilt omslag.

Røystesetlar Røystesetlar som er forkasta kan kasserast på betryggande måte når valresultatet er endeleg. Røystesetlar som er godkjende skal derimot oppbevarast til valperioda er utløpt før desse kan kasserast på ein betryggande måte. Det er ikkje nødvendig å oppbevare røystesetlar på papir i 4 år, dersom dei opptelte røystesetlane kan oppbevarast like trygt på et elektronisk medium.

Valkort

Valgkortene kan tilintetgjerast på ein betryggande måte når valresultatet er endeleg.

Avkryssa manntallslister

Avkryssingsmanntallet skal oppbevarast til to valperioder er utløpt før det kasserast på ein betryggende måte.

Sjå elles: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2002-06-28-57

Laster...