Utskriftsvennlig versjon

Om Sula

Sula kommune har 8651 (pr. 1.jan 2014) innbyggjarar. Øya Sula ligg sør for Ålesund, og det tek ca. 35 min med bil mellom kommunesenteret Langevåg og Ålesund sentrum. Vegsundbrua er tilknyttinga til fastlandet. To av dei viktigaste ferjesambanda i fylket vårt, Solavågen - Festøya som er ein del av kyststamvegen mellom Stavanger og Trondheim, og ferjesambandet Sulasund - Hareid , som er trafikkåra mot ytre del av Sunnmøre, - Hareid, Ulsteinvik. Sula ligg med andre ord sentralt til i sunnmørsregionen.

Sula er den yngste kommunen i Møre og Romsdal, etablert 1. januar 1977. Med sine 58 km² er den også ein av dei minste, men samtidig ein av dei dei mest folketette med sine 130 innbyggjarar per km². Sula er kjent som musikkommunen med Ytre Suløen, Brazz Bros, Annbjørg Lien, Robert Post Fylling, Nils Petter Molvær, m.fl. Kommunen er elles rik på friluftsliv og idrett. Besøk m.a. Vasset frilufts- og idrettspark med turstiar, lysløype, stadion, skyttaranlegg, fisking, riding. Ridesenteret har stall, innandørs og utandørs ridebane, ridestiar m.m. og driv riding tilpassa born og funksjonshemma. Naturen: Berggrunnen i Sula er dominert av gneis, men det finst kalkårer. Mellom anna finn du eit nedlagt kalkbrot på Fiskarstranda. Naturen er variert og spenner frå fjøre, svaberg og skog til snaufjell. Det er som Norge i eit nøtteskal. Her er større våtmarkssystem med mange vatn. Sørsida av Sula er for det meste bratt med berg og ulendt terreng. Her finn ein rik vegetasjon og delar er forslått til edellauvskogreservat. Nordsida av Sula har flatare parti kor hovudtyndga av busetnaden ligg. Her er det lyngheier og furuskogsparti (delar er foreslått til barskogsreservat). Utanfor Langevågen har vi mange små og store holmar. Dette er eit flittig nytta område for båteigarar. Her ligg Borgundfjorden, kjent for torskefisket om seinvinteren/våren. Sør for øya går Storfjorden brei og djup (over 400 meter). Den endar opp i kjente plassar som Tafjord og Geiranger. Vardane ligg på 776 m.o.h. , og her har ein utsikt frå Stadt i sør til Hustadvika i nord. Oppe på fjellet har vi eit stort platå med store myrområder. Bygdene Kommunen har tilsaman 5 bygder. Den første vi kjem til frå aust (Ålesund) er Veibust/Kvasnes - bygda. Her finn vi variert industri. Når ein passerer Vegsundbrua køyrer vi over det smale Vegsundet. Like nedanfor brua på Veibust (Vegsundet) er det ei oppkome av kjeldevatn. Sagnet fortel at då Kong Olav den Heilage flykta forbi staden, vart denne kjelda ei trøyst for hans stridsmenn. Den neste bygda er Solavågen. Her finn vi stadnamn som Solavågen, Sunde , Bjørkavåg og Solevågseidet. Her deler vegen seg (E39) og kyststamvegen går sørover og endar på Solavågen ferjekai, der det går ferje til Festøya (E39). Den andre vegen fortsett til Langevåg og Hareid (Rv61). Mauseidvåg / Eikrem ligg midt på øya. Her er det også eit trafikknutepunkt. Vel vi vegen rett fram (V-SV på Rv 61) hamner vi på Sulasund ferjekai, der MRF har to bilferjer i sambandet Sulasund - Hareid. Vel vi å ta til høgre i Mauseidvågen (Rv 657) går vegen utover mot Langevåg kor den stoppar etter å ha passert bygda Fiskarstranda. Her ligg fiskeverksemder og skipsverft side om side. Nokre kilometer til og vi er i Langevåg. Her stoppar vegen, og i kommunesenteret bur over halvparten av kommunens innbyggjarar. Her finn du bank, post, bensinstasjon, skular, bibliotek, sjukeheim osv. Mellom Ålesund og Langevåg går ein passasjerbåt på kvardagane. Tek 7 min. over.

Laster...