Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Arkivplan for Sula kommune 2022 - 2023

Sula nytt

Sula kommune

                                                                                          

 Arkivplan for Sula kommune        

Denne arkivplanen skal til ei kvar tid gje bindande retningsliner for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (forskr. § 2-2). Arkivplanen skal reviderast når det skjer endringar i organisasjon eller saksgang. For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamleg oppdaterast og ajourførast. Dette skal minimum skje kvart år. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.

Det er rådmannen som har det overordna arkivansvaret ( jfr. Arkivforskrifta §1-1)

Rådmannen har delegert det administrative ansvaret for arkivet til leiar av service- og støttetenestene. Arkivleiar har det faglege ansvaret for kommunen si arkivteneste.

 

Leon Aurdal, rådmann

September 2016